Slik kan det sjå ut når nytt magasin står klart

Musea i Sogn og Fjordane får 40 millionar kroner i statleg støtte til fellesmagasin

I statsbudsjettet for 2020 har Kulturdepartementet gitt tilråding om tilsegn på kr. 40 millionar kroner over post 70 «Nasjonale kulturbygg» til realisering av prosjektet «Fellesmagasin i Angedalen». I pressemeldinga i høve statsbudsjettet skriv departementet følgjande:

 «Musea i Sogn og Fjordane har overteke ein nedlagt eskefabrikk i Angedalen utanfor Førde sentrum for å bruka han til fellesmagasin. Prosjektet skal utnytta eksisterande fabrikkbygning i størst mogeleg grad, med vekt på økonomi og berekraft, og skapa gode og moderne lagringstilhøve for samlingane. I éin seksjon i bygningen skal det dessutan leggjast til rette for publikum og formidling

Tidlegare har Sogn og Fjordane fylkeskommune fatta vedtak om ei løyving på 20 millionar til prosjektet, som såleis er fullfinansiert. Musea i Sogn og Fjordane kjøpte tidlegare Ramstad eskefabrikk i 2017 for 12 millionar, og saman med prosjektkostnadane på 65 millionar har prosjektet ei totalkostnad på 77 millionar.

Det har vore arbeidd med å realisere felles magasin for musea i fylket sidan 2006, før danninga av den konsoliderte stiftinga Musea i Sogn og Fjordane i 2009. Tilhøva for samlingane til MiSF har over lang tid vore lite tilfredsstillande, og i ei vurdering av Musea i Sogn og Fjordane frå 2017 skriv Kulturrådet følgjande:

«Museets største utfordring er magasinsituasjonen, som er langt fra tilfredsstillende. Så mye som 43 % av gjenstandssamlingene ble oppbevart under dårlige oppbevaringsforhold. Det samme gjaldt 23 % av fotosamlingen og 48 % av farkostene. Dette er alarmerende tall.»

Med realisering av fellesmagasin i Angedalen vil Musea i Sogn og Fjordane endeleg vere i ei situasjon der samlingane kan forvaltast på ei tilfredsstillande måte, med ei profesjonell handsaming av gjenstandane. I prosjektet skal eskefabrikken i Angedalen utanfor Førde byggast om til eit berekraftig museumsmagasin som kan huse både kunst, landbruksreiskap, båtar og tekstilar, mellom anna. Fellesmagasinet vil vere ei god arbeidsplass for dei tilsette, med ideell infrastruktur for mottak, reingjering/konservering, registrering fotografering, pakking og transport. Prosjektet vil og huse eit publikumsmagasin, som gjer moglegheit for framsyning av større mengd gjenstandar, innblikk «bak kulissane» i forvaltingsarbeidet og formidlingsaktivitetar. 

«Fellesmagasin i Angedalen er eit utruleg viktig prosjekt for Musea i Sogn og Fjordane. For MiSF som heilskap, er manglande magasin og oversikt pr. i dag eit hinder for ei god framdrift når det gjeld registrering, digitalisering og tilgjengeleggjering. Prosjektet er såleis sentralt for at MiSF kan utnytte potensialet i samlingane til forsking og formidling. Til saman dannar prosjektet ei kjerne i den framtidige berekraftige samlingsutviklinga. Vi har vidare tru på at byggeprosjektet vil ha ei viktig funksjon for å styrke det faglege arbeidet i MiSF», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge

Tilrådd driftstilskot for 2020 er på 38 595 000, ei auke på 2,7 prosent. Dette er i samsvar med forventa auke, og på line med generell auke til musea. Musea i Sogn og Fjordane søkte også om støtte til Verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. Dette prosjektet, som alt er sikra kommunal støtte frå Gloppen kommune, fekk ikkje støtte, og vi vil arbeide vidare med å sikre fylkeskommunal og statleg støtte til dette viktige prosjektet.

 

Kontaktperson: Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, 414 46 439, Kjartan.Aa.Berge@misf.museum.no