Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 museum spreidde i heile fylket, herav 7 avdelingar. Vi har samla 50 årsverk, og dekker eit vidt spekter av lokal, regional og nasjonal kunst- og kulturhistorie.

MUSEA I SOGN OG FJORDANE

HAR LEDIG FAST STILLING SOM
ØKONOMIKONSULENT

 

Fellesadministrasjon

Administrasjonen til Musea i Sogn og Fjordane (MISF) er lokalisert på Sandane i Gloppen kommune. Det er 6 tilsette som skal levere administrativ- og museumsfagleg-teneste til avdelingane. MISF er organisert som stifting med driftsansvar for offentleg finansierte museum i området Sogn og Fjordane. Stiftinga har eit budsjett på omlag 70 millionar kroner.


Om stillinga

  • Stillinga er lokalisert til administrasjonen i MISF, og rapporterer til økonomisjef
  • Noko reiseaktivitet må påreknast
  • Det er ei føremon med førarkort for personbil

Arbeidsoppgåver:

  • Rekneskap inkl. bokføring og avstemming av kasse
  • Fakturering
  • Remittering
  • Kunde- og leverandøroppfølging
  • Offentlig rapportering (mva, aga, forskuddsskatt)
  • Prosjektrekneskap, analyse og -kontroll
  • Bidra til utvikling av gode rutinar og arbeidsprosessar i organisasjonen
  • Fange opp ny teknologi, og forenkling av arbeidsprosessar

 Ønska kvalifikasjoner:

  • Praktisk erfaring med rekneskap/økonomi/revisjon
  • Høgare utdanning, gjerne Master i rekneskap og revisjon, men anna relevant økonomisk utdanning kan og vere aktuelt
  • God IKT kompetanse, og kjennskap til Office og Visma-produkt. Ny løysning for rekneskap- og rapporteringssystem er under vurdering

Ønska personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Gode analytiske evner
  • Nøyaktig
  • Løysningsorientert og fleksibel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Godt humør og serviceinnstilt.

Musea i Sogn og Fjordane nyttar nynorsk som skriftspråk.

Stillingane blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

 

Fleksitidsordning.

 

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess.

 

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til  økonomisjef Janne Gimmestad tlf. 419 15 170.

 

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli gjort offentleg.

Søknad med CV sendast til stilling@misf.museum.no, innan 14. oktober 2019. Merk søknaden «Økonomikonsulent»

 


AVDELINGSLEIAR - KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE - VIKARIAT   

 

ksf

Museumsdirektøren ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane skal ut i permisjon, og vi søker hennar vikar. Vi søker ein samlande og synleg leiar som skal ha ansvar for drifta av museet sine kjerneoppgåver innan forvaltning og formidling.

 

Kort om museet

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg. Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Museet forvaltar også Vågsberget handelstad og fleire bygg langs kysten Les meir om Kystmuseet i Sogn og Fjordane på deira heimeside.

 

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har det daglege ansvaret for drifta ved museet . Avdelinga har stillingar innan desse faga; forsking, samlingsforvaltning og formidling, bygningsantikvarisk handverk, førstelinje og drift. Avdelingsleiar har og ansvar for guidane i høgsesongen.

Vi søkjer ein resultatorientert person med evne til å skape engasjement for museet. Stillinga rapporterer til administrerande  direktør i stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Noko helg og kveldsarbeid må påreknast i samband med arrangement. Stillinga stiller også store krav til sjølvstende og struktur. Museet si verksemd går føre seg gjennom heile veka, og du må rekne med noko arbeid utanfor normal arbeidstid.  

 

Kompetanse og kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning  innan museumsrelevante  fag, eller annan relevant høgare utdanning
  • Dokumentert leiarerfaring frå kunnskapsverksemd
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • God forståing for publikumsutvikling og samfunnsrolla til museet, nasjonalt og lokalt
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med kystkultur

Personlege eigenskapar

  • Evne til samarbeid og nettverksbygging
  • Målretta og strukturert
  • Inkluderande  

Vikariatet gjeld for 12 månader. Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.

Stillingane blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess.

Nærare opplysningar får ein ved å  ta kontakt med adm.dir. Kjartan Aa Berge, tlf.414 46 439, e-post Kjartan.Aa.Berge@misf.museum.no, eller museumsfagleg seniorrådgjevar Thomas Walle, tlf. 926 22 055.

 

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg, om dette blir kravd, blir søkarane kontakta på førehand.  Søknad med CV skal sendast til stilling@misf.museum.no eller til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane, innan 14. oktober 2019. Søknad merkast «Avdelingsleiar KSF»