NYHENDE

Musea i Sogn og Fjordane ynskjer velkomen til deg og dine ved våre museum, og vi er glade for å kunne opne for publikum etter å ha vore stengd ned på grunn av korona-pandemien, Astruptunet opner sesongen frå 1. juni, medan dei andre stadane opnar utover i juni. Sjå nærare informasjon på under kvart enkelt museum eller på deira nettstader.
Bendik Brenn Egge som tidlegare har vore formidlingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum, er no tilsett som museumsleiar i eitt 12 måneders vikariat.
På grunn av koronasmitte-fare er alle våre museum stengt frå 13.mars til 1juni. Dette gjer vi på grunn av smittefaren og hensynet til både tilsette og besøkende. Vi følgjer med på råd frå myndighetene og Folkehelsinstituttet vidare framover.
Som eit tiltak for å avgrense risikoen for spreiing av coronaviruset (covid 19) er alle arrangement ved alle våre museum avlyst frå og med 12.mars til og med 14.april.Sjølv om vi ikkje har arrangement framover, vil musea våre vere opne som vanleg inntil vidare.Vi følgjer med på råd frå myndighetene og Folkehelsinstituttet, og vil fortløpande oppdatere informasjonen.

Astrupkunst i gåve frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

8. oktober 2019 bestemte fylkestinget i Sogn og Fjordane å gje kunst av Nikolai Astrup i gåve til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum. 

Tresnitta «Fugl på stein», «Soleienatt», «Juninat i hagen», «Maimåne», «Heim frå arbeid» og «Liten kornstaur» vart innkjøpt av Sogn og Fjordane fylkeskommune i 1986 og har vore lånt ut til Jølster kommune og deponert i Astruptunet sidan då.